Nye Næringsområder langs Fv49 gjennom kommunen

Styret i Samnanger Næringsforum er kjent med at det har vert etterspurt områder tett ved Fv49 som egner seg etablering av servicenæring.   Pr. dato er det ingen egna areal som er regulert til næringsformål.  Styret vil derfor foreslå at ein ser nærmare på fylgjande områder som kan vera aktuelle for næring:

  1. Grasdalen ved  tidlegare vegstasjon.
  2. Hisdal mellom Vossatjørna og Midttjørna.
  3. Ved «skarpsvingen i Ådladslia».  AKtuell om forslag om deponi av overskotmassar frå E16 vert aktualisert.
  4. Utfylling ved Grendehuset for parkering og eventuell næring.
  5. Vidareutvikling av Bjørkheims området. Delvis sprenging av gjenværande fjellknaus og utfylling i sjø der det no er oppført eit naust. 
  6. Innleia forhandlingar med Kjell Haug om alternativ bruk av garasjebygget.
  7. Lauskarmyrane. Har  kontakta  grunneigar  som har sagt seg villig til å avstå grunn, men peika på at det kan vera naudsynt med store masseutskiftingar.
  8.  Frølandsdalen ved salt og sand lager i krysset mot Jarland og Haug.