Møte med dei næringsdrivande i Rolvsvåg

Ref. Møte med næringsdrivande i Rolvsvåg torsdag 23.01.
Det  vil verta laga eit kort referat frå møte, som etter mi vurdering var nyttig og informativt.
Når det gjeld punktet om overskuddsmasser  så har me i Næringsforumet bl.a. peika på at det trengs oppgradering av fylkesvegen frå Hisdal mot Rolvsvåg.Til no har me ingenting høyrt, men me fekk uoffisielt frå veikontoret som utarbeider planane som viser mulig bruk av massar langs fv 7 (No fv 49) .Tilbakemelding frå Fylke var ikkje overveldane begeistra. Det me har sett av forslag til planar er utfylling i Trengereid-dalen for å byggje krabbefelt og sykkelsti.I Rolvsvåg har Jan Gunnar Våge  foreslått igjenfylling av eit tidlegare sandtak, utan at eg veit om dette er bekrefta.
Oppstart av veiprosjektet  K5 er antyda TIL 2022/2023 – men dette er heller ikkje bekrefta.  Når det nærmer seg, og om du fremdeles er interessert i steinmassar,kan me ta kontakt om dei som styrer med plassering av overskuddsmassene.  Om transporten er gratis eller ein må betala deler av den er me ikkje kjent med.
Kort oppdatering frå møte 23.01 vil følgja.

Knut M. Bjørnås