Skip to content

Møte for gründerar og etablerte verksemder

Rådgjevar Paul Evers frå Etablerersenteret orienterer om deira tilbod for gründerar
Rådgjevar Paul Evers frå Etablerersenteret orienterer om deira tilbod for gründerar

Dei siste åra har over 40 nye føretak starta opp i Samnanger, men Samnanger er likevel mellom kommunane i Bergensområdet som har størst utpendling. For å få forståing av kva kommunen og næringsforumet i fellesskap kan gjera for dei nyetablerte føretaka, vart det 10. mars invitert til eit ope møte i biblioteket, blant anna for å informera om kva Samnanger med omengskommunane kan hjelpa til med når det gjeld næring og næringsutvikling. Samnanger kommune, ved Hilde Lill Vaage, sendte invitasjon i brevform til dei fleste nyetablerte verksemdene. I alt 16 personar deltok på møtet.

I tillegg til Samnanger kommune og Samnanger Næringsforum var desse invitert til å halda innlegg:
Rådgjevar Paul Evers frå Etablerersenteret.
Næringssjef i Bjørnafjorden kommune, Elin Bryn Thorsen.
Designarkontoret Hugskot og Styrkmedia ved Inger Liv Langstøyl og Styrk Andersen.

Paul Evers orienterte om Etablerersenteret for gründerar, og ikkje minst om gründerguiden. Etablerarsenteret si hovudoppgåve er å rettleia gründerar samt å arrangera kurs. Hilde Lill våge gjorde merksam på at Samnanger kommune har som krav at gründerar som søkjer tilskot frå næringsfondet på førehand må ha gjennomgått eitt av etablerarkursa.
Opplysningar om kurspakkar finn ein på heimesida til Etablerersenteret.

Elin Bryn Thorsen, som er nytilsett næringssjef i Bjørnafjorden kommune, orienterte om dei to gründerparkane dei har i Kommunen, nemleg  i Os og Eikelandsosen. Målsettinga er å skapa eit levande gründermiljø rundt Bjørnafjorden, det vil seia å leggja til rette for eit innovasjonsmiljø og å stimulera til auka vekst og samarbeid. Ein vil skapa gode møteplassar, og det skal vera attraktivt å etablera seg som gründer.

Gründerparkane i Bjørnafjorden kommune er mykje besøkt og dei fleste kontorplassane i Os er opptekne med unntak om nokre få. I Eikelandsosen er det fleire ledige plassar, og gründerar frå Samnanger er hjarteleg velkomne til å delta. Om spørsmål kan ein kontakta Elin Bryn Thorsen på e-post: elbt@bjornafjorden.kommune.no eller per telefon på 99 34 51 08.
Du kan òg kontakta Bjørnafjorden Gründerpark på Facebook.

Frå Samnanger Næringsforum gav styreleiar Knut M. Bjørnås ei kort orientering om Forumet som no har i alt 32 medlemmar. Forumet vart stifta år 2000 som frivillig medlemsorganisasjon.

Næringsforumet sitt føremål er å fremja næringslivet, m.a. ved å verka som ideskapande, initiativtakande og koordinerande organ for næringslivet ovanfor kommunal styresmakter og andre offentlege styresmakter.

Siste driftsåret (2019) har styret arbeida mykje med turist- og aktivitetsbrosjyre og denne våren med ny heimeside for næringsforumet og oppdatert Samnanger Næringsforum si Facebook-side. Begge deler med god hjelp av Hugskot AS, noko forumet er svært nøgd med. Forumet har òg engasjert seg i ei rekke spørsmål som gjeld næring og næringsutvikling, og fungerer som høyringsinstans i slike spørsmål eller utgreiingar. Samnanger Næringsforum har frå og med 2019 vore medlem i Bjørnafjorden næringsråd. Styreleiaren gav uttrykk for at medlemsskapet også kan fortsetja også i 2020 under same forutsetningar.

Karl Kollbotn, som har teke på seg rolla som «redaktør» for heimesida til Samnanger Næringsforum, presenterte den nye sida og gjekk gjennom oppdateringar så langt. Det er eit sterkt ynskje at sida vert mykje brukt til tovegs kommunikasjon. Innlegg ein vil ha med på sida kan sendast til forumet si e-postadresse: post@samnanger-næring.no

Inger Liv Langstøyl og Styrk Andersen orienterte om Hugskot AS og Styrkmedia AS som er eit vellykka nystarta gründerprosjekt. Samarbeidet vart starta for 1 år sidan og dei to bedriftene held til i Grovabrotet (Gamlebanken) i Norheimsund. Begge har lang erfaring innan reklamebransjen, grafisk design, marknadskommunikasjon og merkevarebygging. Dei kan hjelpa verksemder, nye som etablerte, frå idé til ferdig produkt, og tek oppdrag både for private og offentlege verksemder. Dei viste eit spekter prosjekt dei har utført innan annonsar, trykksaker kontor, brosjyrar, fotografering og kommunikasjon samt skilting og fasadedekor. Også i Samnanger har dei sett spor etter seg, ikkje minst på SAFA sitt fabrikkutsal på Bjørkheim. Hugskot AS har også designa den nye heimesida til Samnanger Næringsforum og har velvillig hjelpt til med oppdatering av Facebook-sida til næringsforumet.

I samband med det nyopna Hardangerbadet var Hugskot og Styrkmedia involvert i arbeidet med skilting og dekor. Hugskot og Styrkmedia peika på fleire fordelar med å arbeida i fellesskap som til dømes meir kompetanse kvar for oss og saman, samt betre relasjonar mellom kundar og leverandørar. Andre fordelar er kort kommunikasjonslinje for vurdering og val, betre konkurransedyktigheit og ikkje minst at samarbeid er sosialt, praktisk og gir økonomisk gevinst. For meir informasjon, sjå Facebook-sidene for Hugskot og Styrkmedia.

Presentasjonane frå møtet i biblioteket 10. mars 2020: